LoenIL.com - Spelarhistorikk
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Spelarhistorikk

Odd Kjetil TonningEtter å ha skada seg stygt i kneet tildleg i 2002 sesongen var Odd Kjetil Tonning tvungen til å legge fotballskoa på hylla, men no har den humørfylte snart 31 år gamle keeperen bestemt seg for å gjere comeback. Han fekk sine første minutt på bana i kampen mot Bremanger og vil nok gi Kai Bjørn god konkurranse om keeperplassen når storformen kjem
Les meir
Oddgeir Lyslo BøOddgeir er ny i årets Loenstall, og har tidlegare spelt på Vikane i 6.div. Ein spelar som kan brukast både på midtbana og i angrepet. Ein god og kreativ spelar som Loen kan få god nytte av denne sesongen.
Les meir
Egil HogrenningEgil begynte på a-laget i 1999, og har etterkvart imponert alle med sin til tider utruleg teknikk, og sine fantastike raid på venstresida der han som regel er å finne. Det er nok mangt ein høgreback rundt om i fylket som har blitt svimmel etter at Egil har gjort sine finter i eit høgt tempo. Han har vore stort sett fast på laget dei siste sesongane. Bur no i Bergen, men tar gledeleg turen heim kvar helg for å spele kampar. For dei som ikkje veit det, har Egil faktisk scort mål med haude.
Les meir
Kai Bjørn GjengedalKai Bjørn har vore keeper i Loen i mange år, og kjeme sikkert til å vere det så lange han klare å gå på beina. Er som regel ein god og habil keeper, men kan av og til ha sine blundera, men det har no vel dei fleste keeperar? Kai Bjørn er godt kjent for sine mange komentarar gjennom kampane, noko spelarane etterkvart har lært seg å overhøre.
Les meir
Erik Rune BrendefurBrandy er ein skikkeleg ringrev med nase for mål. Kom til Loen i 1991, og har i løpet av den perioden klart å putte 98 seriemål for Loen. Sikker som banken frå straffemerket. Har også vore innom Stryn og prøvd seg som spelande trenar i denne perioden. Har det siste året jakta mål nr. 100. Når det kjem seier han sjølv at han skal ta av seg drakt nr 10 for siste gang og gå av bana, men trur vi at han gir seg?
Les meir
Asbjørn TendenAsbjørn er fra Loen, men har aldri spelt på Loen, så vi kan vel sei at det strengt tatt er på tide. Reiste til Brann som 19 åring der han vart kalt "oksen". Seinare reiste han til Sørlandet og Start, før han for nokre år sidan vendte tilbake til Heimfylket. Etter to sesongar i Førde sette han nasa heimatte mot Stryn. Har blitt toppscorar for Stryn i 3.divisjon dei to siste sesongane. Han har framleis mange gode år foran seg, og lat oss håpe han tilbringer dei i Loen.
Les meir
Anton Andre SandeAnton starta karriera si i Loen som 16-åring i 1996, og klarte etterkvart å erobre høgreback plassen. Med saftige taklingar og fine kombinasjonar med Holen på høgrekanten vart han eit fast inventar på Loenlaget. Dei siste sesongane begynte han å snuse på spissplassen, og har vore toppscorer i Loen dei to siste sesongane med tilsaman 40 seriemål på 35 kampar. Er god i lufta, og ein krigar som jobbar hardt. Har også gjort ein god jobb som spelande trenar dei to siste sesongane.
Les meir
Nils Roger HøgalmenMidtbane spelar som også kan brukast som spiss. God teknikk og en smule beire på haude enn Egil. Tok pause i 2004 sesongen for å vere bonde, men vi håpar han kjem tilbake komande sesong
Les meir
Mats SolheimMats er ein spelar som kan brukast i alle posisjonar, men likar seg kanskje best på ein offansiv backplass, sjølv om mange gjerne vil ha han heilt på topp. Han gjor ein god første sesong i 2003, og 2004 sesongen var ikkje noko dårlegare. Ein spelar som kan stå fram og ta ansvar når andre ikkje heilt har dagen. Stor arbeidskapasitet og potensiale. Er også tatt ut til sonesamling 3 gangar i haust, den siste måtte han desverre melde avbod på grunna skade. Spørs kor lenge vi får behalde denne spelaren i Loen, som heilt klart har kapasitet til å spele på høgare nivå.
Les meir
Frank HoolFrank var i Loen først i 1994, og vendte tilbake sommaren 2004. Han gjor sine saker bra, og scora 9 mål på dei 9 kampane han fekk med seg. Har sin styrke i lufta, og får denne karen speletid og sjølvtilit så skal du vere sikker på at måla renner inn. Dyktig til å plasserer seg, og har også vist at han er ein flink avsluttar. Elles så er han godt kjende som forfatter av Julekalenderen "Nissane frå Stryn"
Les meir
Jamel Hayek RakeJamel er Kai Bjørn sin fremste konkurrent om keeperplassen i Loen, og gjer sine saker bra når han først får sjansen. Kan fort bli sint på forsvaret dersom det ikkje går heilt som det skal. Har vore mykje på reisefot siste året, og har difor ikkje vore så mykje i troppen. No driv han den suksessfulle nettavisa Strynenytt.no
Les meir
Raymond Olav Marius FløloRaymond begynte på a-laget i 2002, men braut foten før sommarferien, så det vart lite speling på han den sesongen. Fekk meir speletid i 2003 og 2004, men har enda ikkje slått heilt igjenom. Men potensiale er der heilt klart. Går for tida på skule i Osloomårdet, og det er førebels uvisst kor mykje han kjem til å vere med komande sesong.
Les meir
Erik Asle HøgalmenErik kom til Loen foran opprykkssesongen 1999, frå Sandane. Har erfaring frå høgare nivå, og i Loen er han kjent som 1-2-3 Høgalmen. Kan brukast både i midtforsvaret, sentralt på midtbana og i angrep. Stor sterk spelar som vinn dei fleste hodeduellar han går opp i. Har ein meget god skuddfot, og er ein ledertype av rang. La opp etter 2002 som Andreas, men var også tilbake i sesongen 2004, der gjor sine saker bra. Vi ønskjer sjølvsagt å ha denne midtbanekrigaren tilbake i stallen. Ein gang når han spelte på Vikane tok han og Arnt Magne Fredheim likesågodt helikopter frå Olden til Innvik for å spele kamp
Les meir
Einar Asgeir BaarøyEinar Kom til Loen før 2004 sesongen, etter at han har vore i Vikane. Med slepen teknikk og ein kondisjon som overgår mange gjor han sine saker bra i dei kampane han var med. Etter det eg har hørt slit han no med ei skade, og det er førebels uvisst om han blir med komande sesong.
Les meir
Steinar TendenSteinar vender tilbake til Loen med NM gull, og erfaring frå toppserien på Island og Brann. Sist han var i Loen var han også spelande trenar den gang saman men Jan Erik Sandbakk. Det førte til opprykk i 4.div for Loen. Steinar scorar bøttevis med mål i alle klubbane han er i, og for Stryn scorte han fleire mål enn antal kampar.Vil nok tilføre Loen mykje både som trenar, og ikkje minst på bana. Var så vidt i papira til Loen før han tok steget og reiste til Sogndal
Les meir