
Loen mangla 6-7 spelarar som ville starta kampen om dei var med, og det starta svakt for Loen som med for mange feilpassningar og brudd imot fekk 3 baklengs allereie i løpet av første halvtimen. Loen kom betre utover i omgangen og skapta meir framover. Dei største sjansane i omgangen fekk Jan Erik som sette eit skot frå 30 meter i tverliggaren og Ervin som brende straffe. Sandane var det klart beste laget og leia heilt fortent 4-0 etter stor pasningssikkerheit, bevegelse og aggrisivitet i spelet.
I andre omgang kom Loen meir inn i kampen. Men det var framleis Sandane som styra det meste. I denne omgangen var dei også frampå med fleire farlege sjansar, men Ondreij i Loenburet varta opp med mange fine redningar. Sandane sitt mål kom på straffe. For Loen sin del vart det fleire store sjansar utover i omgangen. Jan Erik skrudde ein ball i krysset frå kanten av 16-meteren, hadde nok eit skot i tverrliggaren og ein enorm sjanse åleine mot keeper som gjekk over mål frå 5 meter! Robin vart etter kvart flytta fram som spiss for Loen og skapte mykje uro i Sandane sine bakre rekke. Robins eine avslutning vart gitt retur på av keeper og Ervin sette returen i ope mål. Dermed vann faktisk Loen siste omgangen med 2-1 noko som kanskje var litt i overkant...
Sandane var eit par hakk kvassare enn Loen i størstedelen av kampen og viste tydleg fram avstanden mellom toppen i 4.divisjon og nivået i 5.divisjon.
Loen har no spela 4 treningskampar på rad mot lag frå høgare divisjonar. Reslutata viser forskjell, men Loen har også i fleire periodar av kampane vist at laget har kvalitetar og ikkje minst bra breidde i stallen.
For Loen i dag deltok desse: Ondreij, Malvin, Knut O, Kim, Tibor, Thomas, Ivar, Kjell August, Jan Erik, Ole, Mini, Tom, Pål, Wilhelm, Ervin, Robin, Knut M.
Nyhende (10 siste)
Over og ut for gutanSiger og tapInnendørs KM 2011Siste heimekamp før ferienTøff veke i venteNy heimekamp for herrelagetNy poengdeling for Loen1 poeng med 10 mann!3 poeng med heim frå BreimSerieopning borte mot Breimsbygda!