
Trenar Sverre Sæten kunne idag melde om at sjansane for at Loen stiller lag denne sesongen er mikroskopiske, og ei grovopptelling LoenIL.com har gjort blant aktuelle spelarar bekreftar dette utsagnet til det fulle.
Med ein potensiel spelarstall der ein har 7-8 spelarar som er ganske sikre på at ein har med gjennom heile sesongen, og kanskje det same antallet spelarar som er tilgjengeleg delar av sesongen, så seier det seg sjølv at ein ikkje kan melde på noko lag i serien.
Ein sparar både klubben og motstandarane for den evnentuelle trekking av lag midt i sesongen, og dermed pådra seg både bøter og rot i seriesystemet.
Dette er synd, men truleg er den beste løysinga slek som ståa er no.
Vil forøvrig legge til at LoenIL.com ikkje har vore i kontakt med fotballgruppa i Loen vedrørande spørsmål om laget offisielt er trekt enda, og denne artikkelen er skreven med den informasjon vi sit med per dags dato.
Kva med LoenIL.com?
LoenIL.com har jo i hovedsak fokusert på seniorlaget og kva som skjer rundt det, men no har vi altså ikkje eit seniorlag i skrive om.
Vi ynskjer likevel å halde sida oppegåande sjølv om ikkje aktiviteten nødvendigvis blir den same. Vi har framleis mange unge og lovande spelarar i klubben, og kva som skjer rundt desse laga, og kampane deira er jo også veldig interessant.
Men for at vi skal kunne fortsette å ha LoenIL.com, så er vi nødt til å kome i kontakt med nye medarbeidarar. Vi har ved fleire høve søkt etter personar som kan være interessert i å hjelpe oss å skrive om dei aldersbestemte laga, men tilbakemeldingane har diverre våre svært dårleg. Nokre har i løpet av dei siste sesongane ved visse mellomrom sendt oss bilete og kampreferat frå aldersbestemte kampar, og desse har vorte bra motteke av våre lesarar. Dette vil vi ha meir av.
Det er framleis tidleg i sesongen 2007, og det er ikkje sikkert at det er avklart kven som skal leie alle dei aldersbestemte laga enda, men vi veit at ein del er klart allereie. Vi prøvar igjen, og vil dermed oppmode interesserte personar om å ta kontakt med oss for å kunne hjelpe oss med å skrive om dei aldersbestemte laga.
Nyhende frå 2005
Nyhende frå 2004
Nyhende frå 2003
Nyhende 2006 (10 siste)
Katastrofe. Fiasko. Tragisk.Loen utan seniorlag i 2007Blir det lag i år?LoenIL.com søker nye medarbeidararFotballfesten 2006No skal vi feire nedrykket!Loen nest sistKva gjekk gale? Del 1Siste sjanseLoenIL.com på fin-fin 26.plass