homework
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

LoenIL.com søker nye medarbeidarar

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2006-11-15 19:47:13

Den nemte kåringa der vi vart kåra til n. 26 i eit uoffisielt NM i heimesider er foretatt av fotballen.eu. For dei som har vore innom kåringa, som du forøvrig finn her, kan ein sjå at LoenIL.com scora godt på dei fleste kriteria bortsett frå oppdateringar, der vi bare får 9 av 30 poeng.

Dette har sjølvsagt sine grunnar, men utan at vi skal gå noko vidare inn på det, så ynskjer vi heller å gjere noko med det.

Ingen muligheit til å følgje laget
Slik som ståa er no, har verken underteikna eller ansvarleg redaktør Jamel Rake noko sjans å være til stades i Loen og følge laget gjennom heile sesongen, og vi søker difor skribentar som kan hjelpe oss med meir oppdateringar rundt laget.

Vi ønskjer å gi våre lesarar den beste og mest mogeleg oppdateringar om kva som skjer rundt A-laget til Loen, og  då er vi avhengige av å ha nokre som er i nærheita der ting skjer.

Kunne du tenkje deg å være med å utvikle LoenIL.com til ei betre side, både med tanke på oppdateringar og innhold, vil vi gjerne at du tar kontakt med oss. Noko lønn kan vi desverre ikkje love, men av erfaring kan eg seie at det er eit kjekt arbeid å drive på med.
Spesielt kjekt er det når ein får gode tilbakemeldingar. Noko underteikna har mottatt frå fleire kantar av fylket i løpet av det siste året.

Vi har ikkje nokon konkrete arbeidsinnstruksar eller krav til kva som skal gjerast. Det vi rett og slett ynskjer er ei side som kan tilby oppdatert og korrekt informasjon til våre lesarar om kva som skjer i fotballen i Loen til ei kvar tid.

Også aldersbestemt
Nokon merka seg kanskje at den forrige setninga vart avslutta med "fotballen i Loen" og ikkje "seniorfotballen i Loen".
Det LoenIL.com kanskje manglar mest av alt er oppdateringar om dei mange unge framadstormande fotballspelarane i Loen. Vi har fleire aldersbestemte lag, frå jenter, og heilt ned i knøtteklassane. For nokre kan det være vel så interessant å lese om, og sjå bilde av desse, enn seniorlaget. Så vi ynskjer også å betre oss på denne fronten.

Ta kontakt
Dersom noko av dette kunne være aktuelt for deg, så ynskjer vi at du tar kontakt med oss på moldestad@loenil.com.
Kvalifikasjonar og kunnskapar? Nei. Ein treng ikkje dei store erfaringane med djupe datakunnskapar eller 5 årig utdanning innan journalistikk for å skrive for LoenIL.com. Det å administrerer sjølve sida er ganske enkelt, og dei som ynskjer å skrive på LoenIL.com vi sjølvsagt få ei enkel innføring i dei muligheitane og funksjonane vi har på sida.

Når det gjeld skrivekunnskapar, er det enklaste å henvise til arkivet på den gamle Loensida, der underteikna begynte å skrive i 2002. Utan å skryte for mykje har nok skrive kunnskapane utvikla seg ein del sidan den tid. Har fleire gangar lest gjennom fleire av artiklane der, og ledd godt av ein del eg har skrevet der.

Dersom du lurer på om dette er noko du kunne tenke deg å bruke litt av fritida di på, er det bare å ta kontakt.

Når det gjeld innføring, og litt bruk av sida, så kjem underteikna til å være i Loen frå og med 22.desember og nokre veker framover, så dette vil, om det er nødvendig, være beste tidspunktet for å ta dette på.

Det er forøvrig også mogeleg for ansvarlege for aldersbestemte lag å ta kontakt, både med informasjon, heile saker og bileter, så skal vi gjere vårt beste for å få lagt dette ut på sida.

Nøl ikkje med å ta kontakt, og tips oss gjerne venner og bekjente du trur kan være interessert, dersom dei ikkje er innom sida jamnleg og får med seg dette sjølv.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

comprar viagra generico en españa morphism
read generic viagra unmistakable