LoenIL.com - Fotballfesten 2006
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Fotballfesten 2006

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2006-11-06 13:29:27

Fotballfesten i år vart arrangert på Loenvatn Feriesenter med knappe to fotballag og ein dommar som oppmøte. Til tross for eit litt skuffande oppmøte hadde deltakarane ein fin kveld.

Det heile starta med ei lita gjennomgang av sesongen ved Sverre Sæten. Her vart det også litt om den komande sesongen, og Sæten kunne avsløre at han, saman med ein til har tatt på seg trenaransvaret den komande sesongen. Da dette formelt sett ikkje er i orden enda, og det er fleire partar innvolvert i denne saka lyt vi vente litt før vi offentleggjer kven dette er.

Ein fornøgd Bjørn Egil Moldestad kunne
konstatere at ein i år ikkje treng å kjøpe
noko farsdagsgåve:)

Etterkvart var det klart for utdeling av prisar og blomar. Førstemann på lista til leiar i fotballgruppa var Bjørn Egil Moldestad. Moldestad fekk ein blomsteroppsats for arbeidet han har gjort med LoenIL.com, og anna arbeid han har hjelpt til med under sesongen.

Den neste på lista var spelaren som var kåra til Årets Loar, og vart toppscorar for Loen. For dei som enda ikkje har fått med seg dette, kan vi avsløre at det var Andreas Drageset. Dragset scora 6 mål for Loen denne sesongen, og samla samstundes flest "Dagens Loar" poeng gjennom sesongen 2006.

Andreas Drageset må snart utvide premiehylla si. Her får han årets premie.

Kim Tore Loen mottar ein velfortent blomster
oppsats.

Den nesten buketten som vart delt ut var til ein spelar som har truleg har reist lengre enn nokre Loenspelarar før han. Til tross for at han bur 430 kilometer frå Loen vart han likevel den spelaren som spelte flest kampar denne sesongen, kun slått av Andreas Drageset.
Kim Tore Loen som no truleg har spelt sin 10. og siste sesong for Loen på ei stund fekk overrakt ein veldig fortent blomsterbukett.

Kven gir og kven får?
Med dette var prisane til spelararane utlevert, og det var bare nokre få ting som gjenstod. No har det seg slik at både Siv Rauset og Sverre Sæten fekk kvar sin oppsats for jobben dei har gjort denne sesongen. Rauset som leiar i fotballgruppa, eller "kjerringa mot straumen" som Sverre ordla seg. Og Sæten fekk sin bukett for arbeidet han gjor som oppmann, og etterkvart trenar.
Problemet her er at vi bare har bilde når ei av desse overrekkingane foregår. Difor lar vi det blir opp til våre lesarar å avgjere kven som gir blomster til kven på dette biletet.

Fleire bilete frå fotballfesten kan du sjå her.