LoenIL.com - Loen nest sist
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Loen nest sist

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2006-10-11 17:33:10

At Loen ikkje fekk godkjent kamparrangementet er i seg sjølv ikkje noko overraskelse. Som nemnt i artikkelen som vart skreven forrige veke var det ikkje noko særleg å skryte av, og ein har eit stort forbetringspotensiale.

Saman med Hornindal, Jølster og Sogndal 2 var Loen blant dei 4 laga som i år ikkje fekk godkjent kamparrangement.

Til tross for middels og lavarer karakter på dei fleste av kritera, så fekk Loen sjølvsagt skryt av resultattavla. Dette var det observartøren skreiv om Loen sitt arrangement:

-Ikkje godkjent kamparrangement. Dette må rettast på : betre merking av bana, få på plass betre speakerteneste (med oppdateringar frå andre stadionar). Få på plass vakter med vester, større arrangementstab, samt kampprogram. Ekstra pluss for meget flott stadionur(resultattavle).

Det var forøvreg siste serierunde i kampen mot Førde 2 som vart vurdert. Loen fekk 38 poeng av 72 mogelege. Ein må ha 46 poeng for å få godkjent. Dette skal ikkje være noko problem i det heile, men da må ein først og fremst ha eit arrangement rundt kampen...


Heile resultatlista ser du her. Selje vant for andre år på rad. Vi gratulerer.

Samstundes håpar vi at SFFK framheld dette arbeidet, og at Loen neste år kryp ein del plassar oppover på lista.

Med dette vil eg også utfordre styret i Loen IL - Fotballgruppa til å settje litt fokus på dette når ein skal begynne å planlegge ny sesong.