homework
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Kva gjekk gale? Del 1

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2006-10-06 15:11:35

Det er mykje ein kan sette fingeren på denne sesongen, men vi startar først og fremst med ei oppsummering av sesongen, og kva  er då meir normalt enn å starte med oppkjøringa?

Trøblete oppkjøring, har vi lag?
Ein sein vinterkveld i slutten av Januar sat underteikna i Trondheim og prata med Jamel Rake om laust og fast, og etter kvart kom det fram av samtalen at vårt kjære Loen såg ut til å ha visse problem i år. Rykta hadde ei stund gått om at Loen ikkje hadde muligheit til å stille lag i 4.divisjon denne sesongen, men dette hadde underteikna sett på som rykter utan noko som helst grunnlag i. Kvifor? Jo, Loen er alltid treige med å kome gang i starten av sesongen, og at ting ikkje var på plass når ein nærma seg februar er ikkje heilt uvanleg.

Fjordingen tok fort tak når vi kontakta
dei.
Etter kvart som ein tok ei aldri så lita opptelling av spelarar som hadde meldt interesse om å være med for Loen i år, begynte varsellampene å lyse. Dersom ein la godviljen til kom ein fram til 14 spelarar som ein var sikre på at skulle være med. Dette i tilegg til at ein mangla både trenar(ar) og oppmann. Her måtte noko gjerast. Fristen for å trekke laget var ikkje altfor langt unna, og etter kva vi visste om var det ingen som tenkte så altfor mykje over dette enda. Ein artikkel vart skreven, der ein fekk kort formulert ned kva som var på veg til å skje, og litt om kva konsekvensar dette eventuelt kunne få. I tilegg vart Fjordingen varsla, og underteikna var knapt komen seg opp av senga før dei var på tråden dagen etter.

Skjebneveke
Dagane gjekk, og responsen var litt dårleg. Endre Solheim som tok ansvar i Loen begynte å sende ut meldingar og ta telefonar for å høre kven som vart med denne sesongen. Responsen var noko laber, og fredag 3.februar vart satt til dagen då det heile skulle avgjerast. Skulle ein ha noko forhåpninga om å stille lag denne sesongen måtte spelarane være på blokka til denne dagen. Vi kunne også konstatere at Sverre Sæten og Jon Asle Sande hadde sagt seg villige til å være med i eit trenarteam med ein eller fleire spelarar, men det låg sjølvsagt litt betingelsar bak dette.

Fredag 3.februar kom, og underteikna satt klar i Trondheim og venta på svaret frå møtet. Var der møtt opp nok spelarar slik at ein kunne stille lag, eller vart 2005 det siste året Loen skulle spele i divisjonssystemet på nokre år? Eit år der ein nok ein gang bare var få poeng frå å rykke opp til 3.divisjon.

Gladmeldinga kom frå Endre Solheim. Loen stiller lag! Ein del arbeid gjenstod framleis, men det viktigaste var på plass, spelarar. Godt og vel 20 spelarar var klare, og fleire skulle det bli.

Mot seriestart
For å gjere ei lang historie som dei fleste kjenner til kort. Etter mykje om og men tok Asle Nesdal og Thomas Baade på seg trenaransvaret for Loen, og Sverre Sæten vart oppmann.  Loen hadde spelt 5 treningskampar med varierande resultat, men ting tyda på at alt var tilbake til det normale i Loen. I denne perioden kom også nokre forventa overgangar bort frå Loen, Asbjørn Tenden, Kai Bjørn Gjengedal, Jan Erik Sandbakk og Anton Andre Sande valde å prøve seg på eit høgare nivå  med Stryn i 3.divisjon.

Serieopning mot Florø

/ingress/standard/Fairplay.jpg


28.april starta alvoret. Loen tok i mot den gamle storheita Florø på Loen Stadion. Ein vanskeleg kamp for Loen, men stemninga i laget var god, og ein var forberedt på å gi ein av dei store opprykkskandidatane kamp om poenga. Det heile enda med tap 1-3, men alt i alt ein grei kamp av Loen. Florø skal være betre enn Loen, noko dei var, men ut i frå det som foregjekk ut på bana var ikkje Loen altfor langt etter. Vi såg føre oss nok ein god sesong i 4.divisjon.

Årets poeng kom i mai

Etter å ha ”stått over” den andre serierunden som skulle vore spelt mot Stryn 2 var det eit revansjelystent Loen som tok i mot Askvoll/Holmedal på Loen Stadion. Tradisjonelt sett har dette vore tøffe og vanskelege kampar for Loen, og denne vart ikkje noko unntak. Til tross for ein til slutt komfortabel 4-1 siger låg den langt inne.

I neste kamp mot Syril på bortebane vart nok ein hard kamp. Loen vant 1-2 etter to mål av Kim Tore Loen. Viktig siger for Loen ettersom dei hadde ein kamp mindre spelt enn dei fleste andre laga så tidleg i sesongen.

Mot Jølster i neste kamp kom sesongens siste siger. Ein tett og jamn kamp på Loen der Andre Rake vart matchvinnar 4 minutt før slutt med ein kanonmål. Dermed hadde Loen kapra 9 av 12 mogeleg poeng i seriestarten og låg på ein finfin 3.plass.

 

To ”forventa” tap
Dei to komande kampane visste vi vart harde. Årdal 2 var det andre laget som rykka ned frå 3.divisjon føre sesongen, og dei var ein av ”outsiderane” til opprykk til 3.divisjon. Loen starta bra, og kort tid ut i andre omgang leda laget 2-0, og hadde minst 2 poeng i lomma. Årdal 2 kom likevel tilbake, og scora det som kan være årets mål på Loen Stadion (Tar førebehald om at eg ikkje var på så mange av kampane i år). Mats Asperheim lada skotfoten frå nærmare 30 meter, og ballen gjekk i mål bak ein forfjamsa Arild Bolset i Loenmålet. To ytterlegare mål kom for Årdal, og Loen hadde gått på eit nytt tap. At Loen skulle hatt ei straffe få minutt før slutt blir bare eit av alle ”men”, ”viss”, ”dersom” ein kan dra fram utan at ein får nokre fleire poeng ut av det.

Mot Eikefjord kom det første varselskotet om at ikkje alt var som det skulle være i Loen. Mange forfall og eit redusert lag reiste den lange turen til å møte eit Eikefjordlag med høg sjølvtillitt. Med 3-0 til pause visste vi at siger ikkje var muleg i denne kampen, men at ein skulle reise heim med dusinet fullt hadde vel ikkje den største pesimisten forventa.

2 kampar ein SKULLE vinne

Så var vi komne til ”årets kamp”. Lokaloppgjer er viktige, og desse skal vinnast. Nyopprykka Hornindal hadde tatt 6 poeng etter siger mot Florø! og Førde 2, men denne kampen skulle vi vinne. Dette vart som forventa ein jamn kamp, og laga følgte kvarandre gjennom heilekampen. Hornindal leia to gangar, men Loen kvitterte raskt kvar gang. Alt i alt ei grei poengdeling på Loen Stadion, men at ein var litt skuffa var ikkje til å legge skjul på.

Førde 2 møtte vi nok på det værste tidspunktet på vårsesongen. Etter at førstelaget hadde hatt mange skader i starten av sesongen gjekk Førde 2 på tap etter tap. No var dei skada spelarane komen tilbake i form, og Førde 2 kunne stille med sitt tilnærma beste mannskap mot Loen. Dette er likevel eit lag Loen skal ha muligheit til å hamle opp med, men etter den gode starten på sesongen var noko av gløden borte i Loenlaget borte, og dette var nok den kampen ein var mest sjanselaus så langt i år. Eit tafatt Loenlag var aldri noko stor trussel for Førde 2 som vant komfortabelt 3-0 mot Loen.

Kort oppsummert
Vårsesongen var sett under eit OK for Loen. Ein hadde tatt 10 poeng. Kanskje noko under forventa, men ein hadde tatt 10 poeng, og det var få som hadde nedrykk i tankane. Historisk sett treng ein 10-13 poeng for å halde seg i divisjonen. Nokre kampar med marginane på si side og nokre utan. Ser ein bort frå arbeidsuhellet mot Eikefjord var dette ikkje så gale.

Flaut
På starten av haustsesongen var det faktisk flaut å være frå Loen, og representere Loen IL. Dagen før kampen mot Florø måtte ein gi beskjed til Florø om at ein ikkje klarte å stille med nok spelarar. Ei ærleg sak i seg sjølv at ein ikkje hadde nok spelarar, men litt planlegging er lov når terminlista kjem eit halvt år i forvegen. Dette kunne ført til fatale konsekvensar for Loen. Hadde ikkje Florø vore så fleksible at dei ville avvikle kampen ved ein seinare høve hadde det blitt bot på Loen, samt at ein måtte ha dekka reisekostnadane som Florø hadde når dei var i Loen tidlegare i sesongen. I tilegg gjekk rykta om at det kunne bli kretssak mot Loen der det hadde vore krav om at ein måtte dokumentere kvifor kvar enkelt spelar ikkje kunne være med i denne kampen. Dette slapp vi heldigvis, men det bør være ein varsku i komande sesongar.

Dermed vart haustsesongen utsett nokre veker for Loen. Askvoll/Holmedal var neste motstandar. Her vart det 5-4 tap for Loen, og ein kraup lenger og lenger nedover på tabellen.

Kjempesjanse for Loen mot Syril
Skjebne kamp
Mot Syril heime ”måtte” Loen vinne. Etter ein forferdeleg første omgang heva laget seg betrakteleg og klarte å utlikne etter at Syril leia med 2 mål. På stillinga 3-3 hadde Loen sesongens største sjanse ved Kim Tore Loen, men ballen ville ikkje inn. Dermed var ballen på lag med Syril i denne kampen, og få minutt før slutt sette dei inn 3-4, og Loen var dermed nederst på tabellen.

14 katastrofale dagar
Dei 4 påfølgande kampane kan oppsummerast på følgande måte: Målforskjell: 2-29, 0 poeng. Ein OK kamp mot Jølster der ein visste noko av det som ligg i laget, men det vart likevel tap. Dei andre kampane mot Årdal 2, Florø og Eikefjord gikk stort sett bare ut på å begrense tapa. Noko som ein tydlegvis ikkje klarte så godt.

01 (38.6 KB)
Frank Hool i "feil" drakt denne
sesongen
Framleis håp
Til tross for at Loen gjekk på tap etter tap var det framleis mulig for Loen å redde plassen. Hornindal og Syril som låg på plassane foran Loen hadde ikkje tatt så mange fleire poeng enn Loen, men no måtte ein mobilisere for å klare seg.
Mot Hornindal måtte det takast poeng. Det vart som venta ein knokkelkamp som ingen ville tape, og slik vart det. Frank Hool scora for Hornindal og Andreas Drageset scora for Loen. Med Syriltap mot Førde 2 var ein dermed eit lite steg vidare.

Mot Førde 2 var det en ting som gjaldt for Loen. 3 poeng eller takk for oss. Kampen starta katastrofalt med 2 Førde mål heilt i starten, og dette såg ut til å bære rett ned i 5.divisjon. Loen kjempa likevel som nokre heltar for å kome tilbake, og reduseringa til Oddgeir Lyslo Bø før pause gav håp i Loen.
Etter ein jamn start på den andre omgangen punkterte Førde 2 kampen med to raske mål, samt at Asle Nesdal vart utvist for Loen. Til tross for dette kjempa Loen godt, og Andreas Drageset og Erik Brendefur scora kvar sitt mål for Loen mot slutten av kampen, men det holdt likevel ikkje. Loen tapte 3-4 og var klare for 5.divisjon.

/ingress/standard/paatrynet.jpg

Ein tydeleg skuffa Andreas Drageset. Her under kampen mot Årdal 2


Del 1 ferdig

No har vi oppsummert sesongen slik mange har sett den. Noko har tydlegvis ikkje fungert som det skal. Kva? jo, det skal vi prøve å sette ord på no, men for å ikkje gjere denne artikkelen lengre enn kva den allereie er, deler vi den inn i to delar.

Her finn du del 2

read generic viagra unmistakable