
Loen har fått ein god start på årets fjerdedivisjon med seks poeng av ni mulege. Hovudtrenar Asle Nesdal meinar likevel at han ikkje er trenar for noko topplag.
- Det er viktig å vere realistiske, og eg trur at vi kjem til å halde oss midt på tabellen. Vi vert neppe noko topplag denne sesongen, vedgår han.
Med profilar som Asbjørn Tenden og Jan-Erik Sandbakk ute av stallen før sesongen, var det lenge tvil om ein ville klare å stille lag. No ligg Loen på ein fjerdeplass, eitt fattig poeng bak serieleiar Jølster. Komande helg er det nettopp sunnfjordingane som står på motsatt banehalvdel, når dei søndag vitjar Loen Stadion.
- Ein kamp vi skal klare å vinne. Uansett er det viktig at vi tar ein kamp av gongen, så får vi gjere opp status til hausten, sier Nesdal.
Han er så langt nøgd med innsatsen, men meinar det endå er litt å gå på.
- Det har kjeme seg, men vi kan betre. Hittil vil eg trekkje fram Kim Tore Loen og Andreas Drageset som dei to store profilane. Dei gjer 110 % uansett, sluttar Loen-trenaren.
Nyhende frå 2005
Nyhende frå 2004
Nyhende frå 2003
Nyhende 2006 (10 siste)
Katastrofe. Fiasko. Tragisk.Loen utan seniorlag i 2007Blir det lag i år?LoenIL.com søker nye medarbeidararFotballfesten 2006No skal vi feire nedrykket!Loen nest sistKva gjekk gale? Del 1Siste sjanseLoenIL.com på fin-fin 26.plass