
Kai Bjørn har vore Loen sin sisteskanse i 10 sesongar, dersom ein ser bort frå ein utlånsperiode til Stryn for nokre år tilbake. No har han tatt valget om at han vil spele for Stryn denne sesongen, og blir dermed den tredje Loenspelaren som melder overgang til Stryn i løpet av den siste månaden.
LoenIL.com veit ingenting om det formelle er klart i denne saka, men Gjengedal har i lengre tid vore aktuell for Stryn, og Loen sin nye trenar Asle Nesdal var i kontakt med hovudpersonen i går, og han bekrefta at han har bestemt seg for å spele for Stryn sesongen 2006.
Kai Bjørn har fått med seg 167 seriekampar og har laga 2 mål i løpet av si 10-årige Loen karriere.
LoenIL.com ynskjer han lykke til, og dersom nokon ynskjer kan dei ta turen innom bildegalleriet og sjå nokre bilete frå dei siste sesongane med Kai Bjørn Gjengedal
Nyhende frå 2005
Nyhende frå 2004
Nyhende frå 2003
Nyhende 2006 (10 siste)
Katastrofe. Fiasko. Tragisk.Loen utan seniorlag i 2007Blir det lag i år?LoenIL.com søker nye medarbeidararFotballfesten 2006No skal vi feire nedrykket!Loen nest sistKva gjekk gale? Del 1Siste sjanseLoenIL.com på fin-fin 26.plass