homework
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Trenarjakta fortsett

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2006-02-17 10:29:53

Jobar med å få tak i trenar
Det er no to veke sidan avgjerdsla om at Loen skulle stille lag(ikkje trekke det enda) vart teken når ein fekk mange spelarar ned på blokka, og det såg ganske så bra ut. I løpet av desse to vekene har to spelarar valgt å ta turen til Stryn, men det er likevel ikkje krise, da dette låg litt i lufta allereie for to veker sidan.

Dei siste vekene har styret lagt ned masse arbeid i å ta kontakt med aktuelle personar som kan vere med i eit trenarteam. Fleire ti-tal personar har blitt spurde, men så langt har det vore lite positive tilbakemeldingar.

-Vi har nokon som kanskje kan vere interessert i å ta på se trenarjobben, men det avhenge sjølvsagt av at dei er fleire, og at spelarane viser interesse, kunne Endre Solheim fortelle LoenIL.com idag.

Vi har sjølvsagt lært av den forrige feilen vi gjor, og vil sjølvsagt ikkje gå ut med noko namn i denne saka.

Dårleg holdning innad i klubben?
Forøvrig så kom underteikna heim frå kurs seint i går kveld, og kom over en diskusjon på Bremanger sine heimesider.
Utan å uttrykke meininga mi altfor masse, må eg sei at det er veldig beklageleg og skuffande at nokon innad i klubben sitt med ei slik holdning.

Ein kan sjølvsagt ikkje vere sikker på at det er nokon som er innvolvert i klubben som har skreve det, men med tanke på innhaldet som er der er det mykje som tyder på det. Det er sjølvsagt ikkje noko motiverande om ein har ei slik holdning i eit fotball lag. Det er ein del folk som jobbar med å få til lag og alt rundt det, og er ein ikkje fornøgde med det som blir gjort, kan ein sjølv melde seg frivillig til å hjelpe til. Ein trengs alltids folk til å gjere noko.
Ein lærar eg hadde på skulen for noke år sidan som er relativt opptatt av fotball sa følgande til meg ein gang: Ein treng 11 positive spelarar på bana for å kunne ha noko forutsetning for å gjere det bra, men det trengs bare ein med negativ holdning for å ødelegge dette. (Eg huskar ikkje ordrett, men eg håpar at de skjønnar meininga med det.)

Jan Erik Sandbakk til Stryn
Onsdag ettermiddag la Jan Erik Sandbakk inn ei melding i gjesteboka at han har valgt å gå til Stryn og spele der denne sesongen. LoenIL.com har ikkje vore i kontakt med Sandbakk, men følgande melding vart lagt inn av Sandbakk: Eg har i dag takka ja til kontrakt med Stryn. Har tenkt vel og lenge på dette, og det har ikkje vore enkelt å bestemme seg. No er det altså gjort, og eg vil takke alle spelarar og lokale patriotar for mange artige og spennande sesongar. Eg vil framleis følgje Loen tett vidare, og kjem sikkert innom på trening når det høver seg. Ønskjer alle ein flott sesong!

LoenIL.com ynskjer Jan Erik Sandbakk lukke til i Stryn, og takkar for 6 fine sesongar. Sandbakk gir seg i Loen med 91 seriekampar og eit titalls antal mål.
Vi ynskjer han sjølvsagt lykke til i Stryn dei komande sesongane, og håpar han kan utmerke seg like masse i Stryn som han har gjort i Loen dei siste 6 sesongane.

Sandbakk har forøvrig dei siste sesongane fått ein del prisar i Loen.
2005: Årets Loar
2004: Årets medspelar
2003: Årets spelar (Stemt fram av spelarane)

Eg trur også at han har fått nokre prisar også i sesongane før.

Her kan du sjå eit lite bildegalleri av Jan Erik frå dei siste sesongane


LoenIL.com kjem tilbake med meir om trenarsaka så snart noko er avklara der.