homework
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

LoenIL.com med beste fotball heimside i Nordfjord

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2005-09-25 23:33:37

Kåringa, henta frå Fotballen.no
Det er Fotballen.no  som står for denne uhøgtidlege, men veldig interessante kåringa av dei beste heimesidene i Norge. "Fin, enkel design. Oversiktlig, men også her kunne det vært mer. er Fotballen.no sin kommentar til LoenIL.com

Det er første gang LoenIL.com har blitt ansett som ei av desse, og det er vi sjølvsagt glade for. Ein 60.plass er noko vi i stor grad vil sei oss fornøgde med, men det fortell også at vi har ein del vi kan gjere for å bli betre. Målet er sjølvsagt å kome så høgt som mogeleg på den lista. Det LoenIL.com har scora mest på er Design. Litt usikker på kor mange poeng som er mogeleg å få der, men LoenIL.com har fått 24. Nærmast der er Nybergsund og Haugesund mens dei andre som er blant dei 50 beste ligg litt bak LoenIL.com på det punktet. Dette er sjølvsagt noko som er veldig kjekt at vi så langt er det laget som har scora mest på dette kriteriet. Ralf Bjarne Taraldset er vår designer og utvikler, og vi han har sjølvsagt også ein stor del av æra for at LoenIL.com i det heile tatt er med på denne lista.

Av dei andre laga i fylket som er med på denne kåringa er vi 2 plasseringar foran Stryn, medan, Høyang kom på 91.plass.
Dermed er Askvoll/Holmedal, Fjøra, Sogndal (55.plass) og Jotun Årdalstangen sine sider betre enn LoenIL.com, og det er vel ikkkje noko å legge skjul på at det medfører riktighet. Spesielt Fjøra og Jotun Årdalstangen har noken veldig gode heimesider, som er ein målestokk som dei fleste her i landet nok må sjå langt etter. Desse laga har hevda seg i toppen i fleire år, og kjem nok til å vere der også i år.

Du kan følge kåringa vidare her.

No har den "nye" LoenIL.com vore oppe i eit drøyt eit år, men heilt oppe å gått har sida bare vore sidan serieopninga 23. april. På dette året som har gått, har rundt 20 000 vore innom sida. Det er altså såkaldt unike brukerar. Dette er sjølvsagt eit tal som kan takast med ei klype salt, men i snitt har vi mellom 60 og 70 personar innom sida dagleg. Når det gjeld sidevisningar ligg vi på ca 85 000, som gir eit snitt på omlag 240 dagleg.

Med tanke på at sesongen kun varer frå april til september er det tal vi vil seie oss godt fornøgde med. Vanskeleg å samanlikne sleke tal med andre sider, da LoenIL.com har eit begrensa antall personar i målgruppa. Den beste samanlikninga vi kan ha er å samalikne oss med oss sjølve.

"Direkte" overføringane som vi har prøvd å hatt denne sesongen har også vore av ulik suksess. I enkelte kampar har det vore eit tosifra antall som til ein kvar tid har vore innom og fullt den, mens andre gangar har det vore mindre. Denne kjem vi til å prøve å følge opp og utvikle neste sesong. Vi ser på dette som eit greit tilbod til vore lesarar, spesielt på bortekampane.

Så sidan sesongen no er over, så vil vi i redaksjonen takke vore trufaste lesarar for denne sesongen, og håpe at de også i framtida vil besøke oss jamnleg

Sesongen er over, men det betyr bare at ein ny er på gang til å starte, og vi kjem til å prøve å kome med jamnlege oppdateringar på kva som skjer rundt oppkjøringa mot ein ny sesong.

eyebrows Antarctica comprar cialis generico online espana
read generic viagra unmistakable generic viagra