
Det er altså klart for ny serierunde, og ny heimekamp på Loen Stadion. Tornado Måløy 2 gjestar Loen. TMFK 2 står bokført med ein siger mot Syril, uavgjort mot Askvoll/Holmedal, og tap mot Bremanger og Eid.
Etter 3 poeng mot Eid forrige helg har nok Loen sjølvtilitten på topp, og vil vise Loen publikummet at dei har meir å by på.
Kampen startar kl 15.00, og for deg som ikkje har anledning å gå på kampen, så kan du følgje den her på LoenIL.com fra 14.55.
Til kampen mot Tornado Måløy 2 i morgon er det nokre endringar i stallen. Erik Høgalmen og Erik Brendefur er ikkje med for Loen, men Andre Haugen er tilbake etter å ha stått over kampen mot Eid forrige helg.
Vi har sett litt på tidlegare resultat mellom Loen og Tornado Måløy 2. Sidan Tornado og Måløy slo seg saman i 2003, har vi tatt med resultata i kampane mot Måløy og Tornado 2.
1999
Loen - Tornado 2-2
Tornado - Loen 2-4
2000
Loen - Måløy 1-2
Loen - Tornado 2 6-1
Tornado 2 - Loen 1-4
Måløy - Loen 4-3
2001
Loen - Måløy 0-0
Måløy - Loen 7-2
2002
Loen - Måløy 0-3
Tornado 2 - Loen 2-5
Måløy - Loen 6-1
Loen - Tornado 2-11
2004
Tornado Måløy 2- Loen 3-3
Loen - Tornado Måløy 2 10-2
Som ein kan sjå er det ein del målrike kampar mot desse to laga frå vågsøy. Heile 89 mål på 14 kampar. Noko som gir eit snitt på 6,35 mål per kamp. Loen har scora 43 av desse måla. Ser ein på resultatet i fjor, så var det utklassing frå Loen si side. Ein veldig komfortabel 10-2 siger på Loen Stadion
Det kan altså sjå ut til å bli ein underhaldande kamp med mange mål, som bør vere grunn nok til å ta turen på Loen Stadion i morgon ettermiddag
Andre kampar denne serierunden (spelast laurdag):
Askvoll/Holmedal - Syril
Eikefjord - Stryn 2
Førde 2 - Eid
Selje - Bremanger
Nyhende frå 2005
Nyhende frå 2004
Nyhende frå 2003
Nyhende 2005 (10 siste)
Bildegalleri frå helgas kampBildegalleri frå jentekampen er lagt utLoen - Årdal Fk 2 - Bildegalleri.Kampoversikt på Loen Stadion 2006Stryn trekkjer seg frå årets 4.divisjonBildegalleri Loen - SeljeBildegalleri med enkeltspelararViktig beskjed til alle spelarar i LoenLoen ute av KM4.Divisjon 2006