homework
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

LoenIL.com attende for fullt

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2005-04-27 18:12:00

Ralf Bjarne Taraldset har nett rukke og blitt 21 år, men han har holdt på med webdesign og programering i mange år. No studerer han til Sivil ingiør/Master i dataternikk ved NTNU i Trondheim.
I tillegg er Taraldset sjølvstendig næringsdrivande innan IT konsultasjon og utvikling, noko som han har vore sidan 2002.

Oppstarten

Det heile starta vinteren 2003 når Jamel Hayek Rake hyra Taraldset til å lage ei side til oss. Denne vart tatt i bruk like før sesongen 2003. Dette var ei relativt enkel side der vi kunne skrive nyheter og forandre på spørjeundersøkelsane og det vi elles måtte bruke høgremargen på sida til. Det resterande som terminliste, statistikk, tabellkonkurranse, bildegalleri og spelarprofilar måtte leggast til rette og lastast opp via ein ftp-server.

Vi starta med ein server fra start.no som gav oss lagringsplass på 30 MB, noko som også gjor at vi hadde litt begrensningar på kva vi kunne ha på sida.

Hausten 2003 og våren 2004 var webmaster Taraldset i førstegangsteneste, og av den grunn vart ikkje sida bearbeidd og oppgradet i så stor grad i den perioden

Seinsommaren 2004 og starten på hausten vart sida flytta over til vår nye server hos Servetheworld, noko tidlegare enn planlagt da det var endringar hos start.no som gjor at sida ikkje fungerte der. Dermed hadde vi i ein periode lite oppdateringar på grunn av at sida måtte flyttast før administreringssytemet var klart.

Men like før sesongslutt var vi igjen tilbake på nett, dog bare med nyheter og ei gjestebok, men vi hadde meir i vente. Med ein lagringskapasitet på 500 MB hadde vi no større muligheiter.

Ferdigstilt

Den førebels siste og store ansiktsløftninga av sida kom for under ei veke sia. Taraldset har utvikla eit publiseringssystem som har gjort det enkelt for oss som skal administrere sida. Det heile er laga veldig dynamisk, og gjer at vi no kan gjere so og sei det vi vil med sida utan å trenge hjelp frå webmaster - noko som sjølvsagt er formålet med det nye systemet.

Det har tatt si tid, men no har vi fått ei side og eit administasjonsystem vi vil seie oss særs nøgde med.

Så til slutt vil vi bare nemne at om nokon treng ei heimeside som er veldig godt tilrettelagt for brukarane anbefalar vi Ralf Bjarne Taraldset. Meir om han finn du på her

comprar viagra generico en españa morphism
read generic viagra unmistakable