LoenIL.com - Seriefinale mot Stryn 2
Velkommen til Loen fotball sine nettsider!

Seriefinale mot Stryn 2

Av Bjørn Egil Moldestad Send melding til Bjørn Egil Moldestad
Publisert 2003-09-28 01:23:35

Loen har samtlege spelarar disponible før denne kampen, utan om langstidsskada Tom Kenneth Kristiansen og Endre Solheim. I tillegg ser det ut som kaptein Asle Nesdal må stå over etter at han braut 3, og brista 2 ribbein i kampen mot Selje Forrige helg.

Loen vil sjølvsagt merke at Asle er ute, han har mildt sagt vore SJEF i forsvaret etter at han vart forflytta ned frå midtbana. Han er blitt kåra til \"Dagens Loar\" dei tre siste kampane.

Men Loen har ein stor og jamn stall, så det skal nok gå bra.

Laget til søndag er ikkje klart, men det forundra underteikna våga seg ut med eit lite råtips

Kai Bjørn Gjengedal - Mats Solheim, Ronny Baade, Kim Tore Loen, Frank W. Bødal - Egil Hogrenning, Jan Erik Sandbakk, Erik Brendefur, Andre \"Mini\" Haugen - Anton Andre Sande, Andre Rake.

I og med at underteikna ikkje har muligheit til å vere tilstades på kampen grunna skuletur, vil vi prøve å få litt oppdatering på heimesida under kampen. Men sjølvsagt bør alle som har annledninghet til det, møte opp på Loen Stadion Søndag kl. 15.00

Vi har også tatt førebehold mot at veiret tar skikkeleg av, og det blir overvatn på bana. Viss det skulle bli tilfelle, så blir kampen flytta til kunstgras i Stryn. Dette vil bli avklart lørdag formiddag.